Startside - Om Vika - Campingen - Vikaberga Fritidsbustader - Andre tilbod - Kontakt

Om Vika Ferie og Fritid

Campingplassen ligg ca. 1,5 km.aust for Valldal sentrum, gjennom tunnellen i Syltefjellet. Plassen ligg nesten usynleg til, i skog mellom fjellknausar og dyrkajord. Plassen er romsleg og svært idyllisk, nær fjorden.

Den kan også vere svært veleigna til base om du ynskjer å sjå deg ikring ei dagsreis unna t.d. Vi kan her nemna i fleng stader som: Runde - Ålesund - Molde - Atlanterhavsvegen - Kristiansund - Sunndalsøra - Åndalsnes - Geiranger.

På campingplassen er det for tida ca.60 campingvogner.

I turistsesongen tek vi imot :Bobilar - Campingvogner - Telt og liknande, så mykje som vi har plass til.

Garden har vore i same slekta så langt attende som det står noko i kirkebøkene, d.v.s. attende til først på 1600 talet. For nokre generasjonar sidan vart det bygd jekter her, som frakta handelsvarer fram og attende til Bergen og Trondheim. For tida er det ein av dei einaste strandgardane inst i Storfjorden som framleis er i drift.

 

Vika Ferie og Fritid - 6210 Valldal - www.wiigen.no - kaare.strom@mimer.no