Startside - Om Vika - Campingen - Vikaberga Fritidsbustader - Andre tilbod - Kontakt

Campingen

Regler for campingplassen:

Ved Ankomst

Vi ber om at alle gjester og besøkende, skriv seg inn i gjesteboka ved ankomst og kvitterer for evt. utlevering av nøkkelkort/strømnøkkel. Ein finn oss i Kiosken eller i Gartneriet. Utanom arbeidstid finn de oss i privathuset.

Kva gjeld når ein seier opp plassen/betaling av leige mv

Oppseiing av årsleige eller sesongplass skal som hovedregel skje før 1.mars. Er ikkje plassen sagt opp til denne dato, reknar vi med at leiga skal halda fram.

Vert ikkje årsleiga og eller straum betalt for eit år - kan ikkje kunden rekne med å få vere året etter.Vi vil at leiga skal vere betalt innan 31.mai. Vi sender giro, tar kontantar o.s.v.
Må vi sende rekning tek vi eit fakturagebyr på kr. 52,- frå i år. Vert ikkje leiga betalt innan fristen, kan vi legge til eit rentetillegg på 1,5% pr mnd.
Sesongplass kan ikkje vidareutleigast. Bytting av sesongplass må skje før 30. mars.
Salg av utstyr som vogn, platt, evt anna utstyr mellom gammal og ny kunde, legg ikkje vi oss bort i. Men valg av ny kunde avgjer vi.

Vert det ikkje enigheit om pris på utstyr mellom gammal og ny kunde må den gamle kunden rydde sin plass for egen regning og risiko.
Gamle kundar vil oftast få fortrinnsrett ved bytte av plass på området.

All byggeaktivitet skal avtalast med oss.

Registrering v/utleige av eiga Campingvogn

Den ansvarlege er her eigar av campingeininga. Leigar melder seg ved ankomst. Reglement for plassen får gjesten ved registrering.

Ro om natta

Mellom KL 2300 0g 0700 skal det vere stilt - Respekter at andre vil sove.

Reinhald

For eigen og andre sin trivsel, tek vi det for gitt at alle hjelper til å halde det reint og pent på plassen. Bruk avfallstativa. Vi vil at det kun er hushaldsavfall som vert lagt i sekkane.
Grovavfall må leverast på kommunen sitt mottak, eller ein har anna privat løysing.

Brannutstyr

Vi har mange uttak for vatn på plassen, men etter måten lite vatn til å slokke brann.
Vi vil oppmode alle som har tenkt å bruke plassen vår til ferie og fritid, kanske også å investere i eit eigna brannslokningsapparat. Kast ikkje sneipar. Bruk av eingongsgrill og åpen ild er forbudt.

Fartsgrense/Gjesteparkering

30 km . - husk barna! Unngå kjøring etter KL 2300.
Besøkende skal parkere utafor sjølve campingområdet.
Campingområdet kan ikkje brukast til fri ferdsel.

Plenklipping

Vi vil at kundane steller nærområdet til kvar si eining.

Dyr

Alle dyr skal i utgangspunktet haldast i band,- og luftast utafor området - Bruk pose!
Uro/støy av dyr - bjeffing og lignende kan ikkje tillatast.

Tapt - Funnet - Skadeverk

Vi dekker ikkje tap ved tjuveri og liknande.

Allikevel, - sei ifrå om de har mista eller funne, vi kan kanskje hjelpe.

Ved teikning av kontrakt er det no kome med ein ny regel.Regelen vert gjeldande Viken Gartneri A/S, campingplassen og garden elles:
Foreldre og foresatte er økonomisk ansvarlige uten beløpsbegrensning for skade som barn gjør på ting og personer på campingplassen.

Beboere er på samme måte ansvarlig for besøkende.

Spikartelt

Viser til kommunalt vedtak, har de spørsmål ta kontakt med eigar av campingplassen.

All oppføring og endring av campingeining skal på førehand drøftast med grunneigar. Dette gjeld også fargevalg. Vert ikkje dette respektert kan dette medføre riving.

Prisar

Plass med straumboks med målar : Årsleige kr 6.500,-(ekskl.MVA 8%)

Grovare avfall

Gras, pallar og treverk plasserast på fyllinga aust for veksthuset. Ein del av dette skal vi flishogge.

Vi oppmodar til slutt foreldre og føresette, til å informere spesielt dei yngre om å vise respekt for maskiner og utstyr som står inne og ute slik vi unngår uhell. Inne i husa på garden er det ikkje lov å leike eller opphalde seg. Løa og saga er spesielt farlege.

 

Vika Ferie og Fritid - 6210 Valldal - www.wiigen.no - kaare.strom@mimer.no